Eg traska gjennom gress dekka av duggdråper. Ein kald oktoberdag—tåke låg over landskapet rundt meg. Blada som hang frå piletrærne blei dytta gjennom tåken av greinane som desperat trengte seg fram. Rota i jord strakk dei seg ut, men hang mot bakken. Ingen spirer her. Steinane var omfamna av piletrærne, som verna dei frå sola og verda.
Eg tråkka over ein kvist på bakken og svarte troster tok til å springe opp og segle over hovudet mitt. Eg er i deira land no. Dei trekkjer tankane tilbake til deg. Ein ramn du—Munin som flaug med meg og såg verda slik ho verkeleg var.
Med vinden i ansikta vore kjente vi vesle verda, vesla verda med dei små menneske som vandra rundt og rundt. Vi såg Alf vandre. Våkna opp åt frukost sa farvel til kona dro på jobb gjorde lite dro til butikken dro heim la seg. Kvar dag eit steg fram og eit steg tilbake, fram tilbake fram tilbake fram tilbake. Vi såg Tiril trå. Våkna opp drakk kaffi dro til slakteriet hogga hua av lam blødde dei i hel dro til kiosken røykte dro heim satt vaken heile natta. Femtiseks ritualistiske ofre om dagen. Ofre for ein tru som var hennar, ein Gud ho husa i sitt undermedvit.
Då det var vindstillle såg vi verda gjennom små auge. Dei ufattelege store skyane som dreiv over oss. Byane som strakk seg utover så langt ein kunne sjå. Små menneske som deltok i ein enorm einskap, utan å så mykje som tale med kvarandre om akkurat det. Husa som strakte seg så høgt som vi kunne fly. Gjennom bakken såg vi korleis nettverket av infrastruktur binder heile byen saman—eit nervesystem av straumleidningar, kloakken som blodårar.
Du viste dybden av det indre så godt som det ytre. I oss er ein bunnlaus avgrunn som ventar på at vi synkar ned i han. Dattera di er fire no. Eg vil aldri vite korleis du såg ho, hjarterdronninga di, men eg merka det på deg. Varmen forsvant ut av deg i det ho oppsto. Minen som ofte var prega av smil blei erstatta av eit seriøst blikk som viste ein djup sorg, som om det var alt avgrunnen din kunne makte. Å ha skapt liv så lite og så stort som verda—eg forstår likevel at kjensla av skuld kunne vere overveldande. Ingen kan ta frå deg det endelege valet ditt.
Framme. Vår. På grava di veks ein kvitveis.